des 26

Tankar kring gravferd og høvisk framferd

Tankar kring gravferd og høvisk framferd

Eg var i gravferd i Indre Hardanger her ein dag. Ein som eg kjende godt, var død, og eg ville sjølvsagt vera med han på denne siste dagen. Han hadde levd eit langt og godt liv, men likevel var det vemodig at han no var borte. Ein gong vaks han opp i bygda, hadde spanande ungdomsår med deltaking i fleire foreiningar og etter kvart eit langt yrkesliv, familiehygge og turar i fjellet. Men no var ein kjernekar borte. Gravferdsdagen var det strålande vêr, og me tok eit godt farvel i kyrkja, der presten som alltid gjorde sitt til at det blei ein riktig god avskil. Etterpå vart det eit fint minnesamvær.

Så skulle ein tru at eg hadde ei heilt igjennom god stund då eg tok farvel med heiderskaren. Men så vel var det no ikkje. Kan henda hadde alle andre ei tvers igjennom god oppleving, men for meg var det noko som øydela. Etter seremonien i kyrkja fylgde me båra ut på kyrkjegarden, noko som kan vera ein særs god og verdig del av gravferda. Det kjennest fint å gå saman heilt stilt og i ettertanke. Men eg gjekk litt bak tre vaksne karar som heile tida småhumra og prata med kvarandre. Det øydela så mykje. Eg ynskjer eg kunne ha sagt frå der og då, men eg gjorde ikkje det. Ein vil i det lengste passa på seg sjølv. Og det er ikkje fyrste gongen heller. Eg vil heller seia at det meir er regelen enn unnataket at nokre få ikkje klarar å halda munn, – sjølv om det er ein dramatisk augneblink.

Kanskje ein neste gong heller skulle halda seg heime? Det er mogeleg at nokon berre går i ei gravferd av rein bygdeplikt, men eg meiner dette ikke tek seg ut. Det er uverdig og respektlaust. Er det verkeleg ikkje mogeleg for ein vaksen å bruka desse få minutta på å tenkja på stunda og på den avlidne? Eg freista å halda tankane kring livet til den avlidne, men det var nesten umogeleg, for heile tida blei eg riven ut av stemninga når eg høyrde karane framfor meg humra og prata. Noko betre hadde det kanskje vore om folk i ein slik situasjon hadde snakka om den døde medan ein gjekk der, men eg tykkjer det høver aller best å gå i stille prosesjon. Eg vonar mange kan tenkja på dette neste gong det er gravferd.

Lat meg også få nemna at eg meiner det er unødvendig å snakka om potethausten eller det kalde vêret nett medan ein sit i kyrkja før seremonien skal starta. Det er nokre få som ynskjer å småprata då òg. Kan me ikkje æra den avlidne så mykje at me kan klara å teia still nett då?

Lat meg også få seia nokre ord om minnesamvær generelt. Her må dei pårørande sjølvsagt setja råma for korleis dei ynskjer samværet, men kan ein ikkje freista å konsentrera samtalen kring den som er død? Er det ikkje mogeleg å ikkje snakka om seg sjølv og om vêr og vind nett denne stunda? Kan henda kunne ein seia noko hyggeleg om hovudpersonen, eller ein kunne freista fortelja ei god historie om den døde. Kan henda er det ikke så lett å prata med framande om ein person som er borte, men vi vaksne bør no klara så pass.

Dette er jo den siste avskjedstunda for den døde, og eg trur det ville vera fint om ein greidde å halda merksemda på den avlidne medan ein kosar seg med karbonadesmørbrød eller ei god suppe. Det vert nok fleire gravferder, og eg lovar at neste gong nokon småpratar rundt meg medan vi går ut til grava, ja, då skal eg seia frå der og då.

Lars

Skriv et svar